Du greidde det, Christina!

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2016

VIL-Nett var
på plass i Hornindal like før start laurdag morgon klokka 08.00. Vi såg at
Christina Holmberg, som deltok saman med
kusine Frida Hjelle, tok farvel med mora Nina og systrene Emma og
Sophia. Tidlegare klassekamerat, Ove Magnus Ødegård, var óg på plass med ei
lukkehelsing. Han hadde køyrt Kjell Magnar Berli til startstaden og skulle
vidare til Sjåk.

Fyrste del av
laurdagen var vêret bra. Det var opphaldsvêr då godt over 400 la ut frå sentrum
i Grodås, og vêret heldt seg bra til om lag klokka 13.00. Då opna alle sluser
seg. Regnet strøymde ned over deltakarane. Dei vart våte og kalde. Litt vind i
høgda gjorde det ikkje betre. Og kanskje det verste; det vart sleipt i
terrenget.

Bortsett frå
ein matstasjon halvvegs (ved Horndøla Bru), må deltakarane i dette løpet vere
sjølvhjelpte. Christina og Frida hadde brukt kring 10 timar og 40 minutt ved
passering ved Horndøla.


 -  Dei
såg spreke ut og var ved godt mot, melde onkelen, Per-Gunnar Holmberg til
VIL-Nett. Han var der ved passering.

Så drog dei
vidare. Det vart kveld og dei greidde passeringstida på punktet som gjorde at
dei ikkje vart tekne ut av løpet. Og det vart natt…..

Men som vi
veit. Christina er seig. Ho har uthaldande gener. Frida truleg like eins. Og
til mål i Honndalshallen kom dei. Ei herleg kjensle vil vi tru. I dag klokka
09.25.57 kryssa Velledalen IL si Christina Holmberg mållina. Vi er utruleg
stolte av deg – av pretasjonen, viljestyrken og gjennomføringskrafta! Frida kom
i mål 20 sekund før Christina

Resultat NM Ultraløp kvinner (75 km, 5600 høgdemeter,
20 fjellpostar)

10.32.39:
Malene Blikken Haukøy

11.31.01:
Hilde Aders

12.26.29: Anniken Hjellbakk
Hole, Sunnylven IL

12.42.19: Oda
Urseth

13.00.12:
Marit Karlsen

13.15.23:
Elise Hay Oppsahl

25.25.37:
Frida Cecilie Hjelle

25.25.57: Christina Linnea Holmberg, Velledalen IL