Alf Petter sprang St. Olavs-loppet.
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2016
arkivfoto
Rindal IL plar vise styrke
i St. Olavs-loppet på strekninga Østersund-Trondheim. Slik også i år, der
klubben til friidrettsleiaren mønstra heile fire lag, med samla 115 utøvarar.
Rett og slett imponerande!
Unge Bøe fortel dette om løpa sine:
- Temperaturen var
meir enn fin begge dagane. 25 grader fredag og 22 laurdag. Fredag sprang eg ein
7,3 km relativt flat etappe med eit kilometersnitt på 4.06. Dagen etter ein
langt hardare etappe med mykje stigning i starten. Då fekk eg litt kjenning med
ein skade om måtte nøye meg med eit km-snitt på 4.36.
15 000 til klubben.
Rindal IL gjorde det som vanleg godt. I klassa for
klubblag vart Rindal 1 nummer tre (bak Strindheim og Namdal), medan Rindal 2
kom på ein flott 6. plass. Desse to prestasjonane gav 9 000 + 6 000 kroner
i pengepremiar til klubben. Det høyrer med til soga at rekordhaldaren i
Konradløpet, Ebrahim Abdulaziz, sprang for vinnarlaget Strindheim.
Og han hadde ein halvmaraton i Berlin som
sitt neste store mål, hadde han røpa for VIL sin friidrettsleiar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024