Brunstad-okse angreip turgåarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2016
ill.bilde
To menn som skulle til
Brunstadsætra vart sundag morgon angripen av ein svær okse. Slik vart hendinga
skildra:
- Då vi kom til
grinda som stengjer vegen opp mot sætra, såg vi at det var samla ein flokk
krøter heilt nede ved grinda.. Vi tok ikkje talet, men truleg minst 15-20 dyr.
Sidan vi aldri tidlegare har hatt problem med dyr i området, stussa vi ikkje på
å opne grinda.
- Men det skulle vi
ikkje ha gjort. Personen som gjekk inn fyrst vart straks angripen av ein svær
okse. Denne personen vart slengd inn i person nummer to, og som kom rett bak,
slik at denne fekk ein skade i skuldra.
Dei to karane fortel at
heldigvis gjekk det rimeleg bra denne gongen. Hadde tilsvarande hendt med born
eller eldre personar som ikkje straks hadde kome seg på sikker grunn, kunne
utfallet blitt fatalt.
Dei to mennene frå-rår
difor på det sterkaste mot å opne grinda om dyreflokken er i nærleiken:
- Då bør ein heller
søkje andre turmål. Turmål utan oksar. Dyr med ei levandevekt på minst det
fem-doble av eit menneske bør ein skugge unna.
PS: Med dette er alle
åtvara – vi vil gjere ha melding om andre har hatt liknande problem i same
eller andre område.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024