Elling toppar posten ved Sætreelva
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2016
Det nærmar seg
felles-ferie. Når folk flest er tilbake i jobb skriv vi august. Då er det to
månader til trimgruppa avsluttar trimpost-sesongen.
Akkurat no er det
høgsesong. På alle postar. Lenge var boka på posten Holetindane uråd å nå i, på
grunn av snøskavlar. Fleire fekk ikkje notert namna sine, men vi håper dei gjer
det i ettertid – eller dei kan ta kontakt med Nils Skylstad og melde frå, så
får dei godskrive turen før han total-summerer turane i oktober.
Sundag 26.juni klokka
09.15, tok vi pulsen på trimposten ved sætreelva i Holemarka. Her er stoda:
91 turar: Elling Hole
86 turar: Nils Terje
Skylstad
49 turar: Susan Osnes
41 turar: Ove Inge
Skylstad
35 turar: Kjellaug Ulset
34 turar: Ingrid Hole
21 turar: Tatiana
Her er det fullt mogleg å
hevde seg for personar som enno ikkje har starta sesongen. Topp-kampen ser ut
til å stå mellom Nils og Elling. Hatten av for veteranane Kjellaug og Ingrid,
spesielt Kjellaug som er i siste del av 80-åra. Tatiana er best av personane
med opphav utanom Noregs grenser, VIL-kasseraren held førebels ein fin 4.plass
og Susan Osnes er beste hundeeigar på posten.
PS: Holemarke trimpost er
ein lett, fin tur som gir to poeng. Start frå Hole eller Lade. Brua ved posten sitt
endepunkt er nyrestaurert – ta gjerne ein kik på den.