Eldar nummer 25 i Trondheim-Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2016

Bilete henta frå Kondis.no
Sykkylven SK sin «boss»,
Eldar Høidal, sykla Trondheim-Oslo i helga. Det gjorde han så bra at han vart
nummer 25 i klasse 60-64 år, på tida 17 timar, 52 minutt og 28 sekund. VIL-Nett
gratulerer med prima innsats!

Styremedlem i VIL, Rolf
Haxthow, skulle delta i same ritt, men er førebels ikkje å finne på
resultatlista. Vi veit heller ikkje i skrivande stund om Rolf i det heile
starta.