God minutt-pris, Kjell Magnar!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2016
Dei tre beste herrane og
damene i Nibbeløpet får pengepremiar. 5000 til vinnaren, så 3000 til nummer to
og 2000 til tredjeplass.
Kjell Magnar vart altså
3000 kroner rikare etter sitt vel-disponerte løp på 1.45.14, berre slegen av
ein austlending frå Løten med namnet Vegard Øie. 3000 kroner på 105 minutt er
ei rimeleg god innkome. Det blir ein minutt-pris på ca 28,50 kroner. Gonger du
med 60 har du timeprisen.
Vi ser med stor spaning fram
mot 9. juli og NM i Fjell-løp Ultra i Hornindal (75 kilometer og knappe 6000
høgdemeter). Der har også Christina Linnea Holmberg meldt seg til NM-start.
FRISKT SATSA!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024