Årets debutant i Geiranger: Utan tvil Ole-Peder!

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2016

Ole-Peder Holmberg har
vore særs aktiv siste tida. Korte og lange løp, flatt og bratt, og fotball med
FKS 2 er litt av menyen.

Det starta med at
Ole-Peder var mellom få som melde seg til innsats for VIL sitt lag i
Holmenkollstafetten. Men skulle han vere med der, ja, då måtte guten trena.
Slik kom han med i Team Bøe sine treningar. Etter kvart har det gått slag i
slag. Distansane har blitt stadig lenger. Og rykta seier at Ole-Peder ikkje er
framand for deltaking i «Hornindal Rundt», ei kraftprøve som vert arrangert
andre laurdag i juli, og noko vi kjem tilbake til om det vert aktuelt.

Her er litt av det Ole-Peder har gjennomført sidan
1.mai.


 ·
  

 Konradløpet – 4,5
kilometer


 ·
  

 Holmenkollstafetten
– kortaste etappen på 370 meter


 ·
  

 Koldabakken Grand
Prix – motbakkeløp sprint


 ·
  

 Kapein Dreyers
Minneløp – 12 kilometer på sti/terreng på Sunndalsøra.

11.juni vert det andre bollar i Geiranger
 . Då skal 21 kilometer og 1500 høgdemeter til pers i
Nibbeløpet. Starten går klokka 11.30. Greier Ole–Peder turen på under tre timar
skal han vere strålande nøgd. Dette kjem til å krevje sin mann!!