Ryk sykkylvsrekordane i Geiranger laurdag?
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2016
arkivfoto
Sykkeltida på 1.11.25 er sterk.
No vil kanskje somme kikke på at Alexander Hervåg
ikkje representerte nokon lokal klubb under dette rittet. Det får så vere.
Faktum er at Alexander satsa hardt i nokre sesongar med base på Austlandet. Ei
satsing som gjorde han til junior NM-vinnar. Uansett , vi reknar den framleis
unge mannen som sykkylving. Faktisk trur vi Marius Kalland har nest beste sykkylvstida
på 1.15.03, medan Ole Johan Risa har 1.15.47 frå 2009.
I år held vi Robert Sogge som favoritt mellom
sykkylvingane
, i hard konkurranse med
Espen Utgård Sæther. Robert sin pers lyder på 1.18.05 etter det vi kan sjå av
arrangørane sine statistikkar. Den har han kapasitet til å velte
Kjell Magnar Berli gjorde 1.53.12 i sitt fyrste løp i
Geiranger.
Komande laurdag jaktar «Berlien» ny personleg rekord. Faktisk trur vi
han greier det – om vêr og vind spelar på lag.
Fotoet til denne saka er
av mannen med sykkylvsrekorden på sykkel,
Alexander
Hervåg, og
motbakkelegenda Jon Tvedt
frå Bergen. I 2008 var Tvedt i Geiranger og sprang Nibbeløpet på 1.31.20.
Han ville teste løypa før NM i motbakkeløp same stad i 2009.
Dit kom aldri Jon Tvedt.
På ein treningstur i heimtraktene same haust dette
fotoet vart teke, segna han om. Diverre stod ikkje livet å redde. Det høyrer
med til soga at Hans Martin Gjedrem, sauebonden frå Valldal, vart NM-vinnar
året etter. Gjedrem sin løpsrekord står enno: 1.28.57
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024