Tek du ditt fjerde merke, Roger……?
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2016
arkivfoto
Medan dei fleste aktive i Velledalen IL let Sykkylvsdagane segle sin
eigen sjø og set kursen mot Geiranger komande laurdag, kan det sjå ut som Roger
Malvin Hole vert åleine om å forsvare VIL si ære under Birkebeinerløpet på
Lillehammer. Roger er nyopprykt til klasse 50-54 år. Som igjen vil seie at han
er yngst i klassa og kan gjere det godt med omsyn til plassering.
Med startnummer 4057 på
brystet legg han i veg på sine 21 kilometer klokka 11.40. Til samanlikning så
startar Kjell Magnar klokka 11.30 i Geiranger. Truleg kjem Roger i mål nokre
minutt før, noko han nesten må gjere skal han greie sitt fjerde merke Det er
målet hans, og vi trur han greier det.
Korleis det gjekk med
Roger i Birkebeinerløpet får du her på nettsida. I løpet av laurdag kveld ein
gong
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024