Bård tilbake i Geiranger – syklar Nibberittet

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2016

Det var ein vakker junidag
i 2008. Bård Per Erstad var 65 år. Han hadde trena godt og trødde uforskamma
lett opp bakkane til toppen av Dalsnibba på 1.47.12. Fjerde plass av 18
utøvarar i klasse 60-69 år.

Etter rittet var han nøgd,
men sa:


 -  Eg har trena
såpass godt at eg hadde faktisk trudd det skulle gå lettare!

Men året 2008 vart året
der det gjekk tyngre for Bård. Faktisk tyngre enn nokon gong tidlegare. Noko
seinare på året merka han at kveldsturane til kona Grete byrja bli krevjande.
Og ikkje mistenkte han kona for å prøve riste han av heller. Nei, her var det
noko som ikkje stemnde. Det visste Bård etter 700 fotballkampar, ein haug med
skirenn, og eit liv i god fysisk form.

Han tok affære – i grevens
tid. Tette årar vart opna og blodet kunne på ny strøyme slik det skulle. Det
har gått åtte år. Bård har vorte 73. Han syklar neppe på 1.47.12 i år. Men det
viktigaste; Han er frisk - og plass
nummer fire i klasse 70-79 år kan han utmerka godt greie, seig som han er!

Aldeles HERLEG å ha Bård
tilbake!!