Minneord Fridtjof Drabløs

    Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2016

    Fridtjof Drabløs vart fødd
    15. januar 1919. Fridtjof vart ein kar som skulle kome til å markere seg både
    sportsleg og administrativt i Velledalen IL.


     Idrettane hans vart
    skisport (langrenn) og springing, særleg stafettar. Lang som han var, hadde han
    eit godt steg når den fysiske forma var der. Og Velledalen IL hadde eit sterkt
    stafettlag i åra etter andre verdskrig.


     Tidleg på 1950-talet sat
    Fridtjof som leiar i VIL sitt hovudstyre. Han hadde òg verv i skistyret, og var
    mykje nytta som funksjonær i samband med skirenn.


     Men aller best vert han
    kanskje hugsa for dei to storrenna i hopp i Brunstadbakken på 1960-talet. Då
    var Fridtjof mellom dei sentrale personane som skaffa overdådige premiar til

     renna. Premiar som gjorde at nasjonale einarar
    i hopp og kombinert fann vegen

     til bygda.

    Verdsmeister i kombinert,
    Arne Larsen, i 1962, og Hans Olav Sørensen, Johan Flytør, Ingolf Mork, Jan Olaf
    Roaldseth og Hans Jørgen Næss med fleire i 1965. Siste året fekk vinnaren
    (Johan Flytør) «et komplett soveværelse-møblement» i premie, stod det å lese i Sunnmøre Arbeideravis.


     Fridtjof Drabløs vart
    utnemnd til æresmedlem i Velledalen IL i 2001, saman med karar som Magnar Fet,
    Kaspar Fet og Karl B. Lade.

     Sjølv om han
    ikkje i alle år har vore like aktiv, har han heile tida vore oppteken av laget
    sitt ve og vel, og kva vi tuska med av aktivitet.


     Då Velledalen IL markerte
    at laget var 100 år (2006), hadde Fridtjof passert 87 år. Med andre ord ingen
    ungdom, men det hindra han ikkje tenkje konstruktive tankar. Det var nemleg
    Fridtjof Drabløs som den gongen gjekk i bresjen for innsamlinga som gav
    hjartestartar i Velledalen grendahus.


     31.mai sovna Fridtjof
    stille inn i ein alder av 97 år. Velledalen IL lyser fred over æresmedlem Fridtjof
    Drabløs sitt gode minne.


    PS. Vi oppmodar lagsmedlemar
    til å ta del i gravferda – Sykkylven kyrkje tysdag 7. juni klokka 13.00