FRÅ FJORD TIL FJELL I GEIRANGER

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2016

arkivfoto
Dei komande dagane kjem vi
til å skrive litt om lokale heltar som deltek i Geiranger. Vi startar med to av
dei mest trufaste.

Olaf Einar Øien: Han har
delteke i Nibbeløpet kvart einaste år det har vorte arangert. Laurdag klokka
10.30 startar han for 23. gong i løp nummer 23. Imponerande!! Olaf er no 73 år,
men kvir seg ikkje for distansen på 21 kilometer med 1500 høgdemeter stigning.

Velledalen IL er stolte av
å ha ein slik kar i sine rekkjer!!

Odd Lennart Lien: Frå Fjord
til Fjell-konseptet er meir enn sykling og springing. Nibbemarsjen har fleire
distansar. Den lengste er på 21 kilometer, akkurat same strekning som Olaf
spring. Der er Odd Lennart Lien deltakar, som han har vore eit tosifra antal
gonger før. Odd Lennart plar starte tidleg, slik at han er framme på Dalsnibba
i god tid før løparane og syklistane kjem i mål.

Velledalen IL ynskjer Olaf
Einar og Odd Lennart lukke til med den komande kraftprøva i Geiranger!!