Espen sprang Blåfelden Rett Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2016

Motbakkeløpet Blåfelden
rett opp i Syvde samla 73 fullførande deltakarar i konkurranseklassa. Mellom
desse var Espen Strøm Grebstad, tenåring frå Sykkylven.

Han leverte ein sterk
innsats nok ein gong. Med tida 49.35 kom han på 2.plass i klasse 15-17 år. Og
han vart nummer 15 totalt. Prima innsats det, Espen!!

Siste sundag i juni reknar
vi med at Espen stiller på lokal grunn under Tomasløpet i Straumgjerde. Det ser
vi fram til!

Totalvinnar for herrar i
Syvde vart Sigve Høydahl på 40.39, medan Guri Wangensteen vart beste kvinne på
52.06