7fjellsturen

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2016

Bergen viste seg frå si finaste
side bada i sol, og heldigvis var også traseen tørr og fin nesten heile vegen.
Ikkje alle var like heldige, og alt i nedstiginga frå første fjellet møtte vi
ein person som hadde pådratt seg eit ankelbrot.


 Løypa lyd som følgjer: Lyderhorn (396 moh), Damsgårsfjellet
(350), Løvstakken (477), Ulriken (640), Fløyfjellet (400), Rundemanen (560) og
Sandviksfjellet (417). Totalt ei stigning på 2400 høgdemeter og 35km.



 Dei raskaste gjennomførte turen på 4t 41min.


Eg og Anders tok det som ein spesielt lang langtur i jamnt
tempo med start klokka 06.00. Stigninga gjekk heilt fint, men beina fekk
verkeleg køyrt seg i nedoverbakkane. Nokre stadar var det også tendensar til
kødanning og ukontrollerte småbarn i løypa, så vi tok det litt rolig for å
ikkje øydelegge beina heilt eller å springe ned andre som kunne føre til
massevelt (Anders var veldig oppteken av at belastninga for dagen maks skulle
føre til 1 kviledag og var difor ikkje så nøye på tidsbruken, meir hadde han
nemleg ikkje plass til i treningsplanen sin). Etter 8t 57min kom vi i
mål.


Anders skildrar turen som tung, og at genrell form i
"team wiggen" er stigande. Laget skal i følgje han inn i ein heftig
treningsperiode. Han melder også direkte frå flygemaskina som skal frakte han
tilbake til Oslo om at han skal dusje beina i kaldt vatn og hoppe rett i
kompresjonsstrømpene.
Ellen Marie