Familie-O-løp: Utrulege 118 på deltakarlista hittil
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mai 2016
O-gruppa i Velledalen IL
har denne våren arrangert to familie-O-løp. Dei yngste utøvarane vert
registrert kvar gong med namn og fødselsår. Både i april og mai stoppa
deltakartalet på 78. Då er den eldste registrerte fødd i 2001, den yngste i
2015.
Det viser seg at 38
utøvarar har vore med i begge løpa. Eit tal arrangøren er godt nøgde med. Men
enno meir imponerande er det at heile 118 ulike personar (les born) har delteke.
I tillegg har mange «fylgjesveinar» i godt vaksen alder gjennom sitt frammøte
gjort dei to O-løpa til massemønstringar. Takk for det!!!
Elles har O-gruppa eit
opplegg i samband med friidrettskarusellen på Ikornnes. Det vart godt motteke
sist fredag, og vil vere på plass også komande fredag (18.00-20.00). Opplegget
er slik at ein ser frå post til post, og såleis vert stimulert til full gass
gjennom løypa. Ikkje berre EIN runde, nei,
frå Ikornnes vart det meldt at det vart tilbakelagt mange rundar i løypa
for å forbetre eiga tid. Somme heilt opp mot ti rundar.
God medisinering, anten
ein er ung, framtung, eller lett aldrande.
Velkomen til Ikornnes 27.mai.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024