Fridtjof 50 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2016
Fridtjof Fredriksen har i
større eller mindre grad sysla med idrett sidan han var ein småhyn. I barneåra
var han ein hard konkurrent av VIL-trioen av 1966-årgang, nemleg Roger Hole,
Svein Nakken og Odd Jostein Drotninghaug. Mest på ski, og litt springing.
På sine eldre dagar har
Fridtjof kome inn i ei sportsleg rytme der han går Fjellsæterrunden,
Birkebeinaren og Vasaloppet. Han er stødig under fire timar i «Birken» (3.53.11
i 2016). I tillegg til eit par renn til, gjerne Furusjøen Rundt.
Kvassast har nok Fridtjof
vore i springing. Bestetida hans i Konradløpet er 16.19 frå 2004. Elles har han
vore ein stødig kar på 17-talet i sine seks løp, som betyr at han har
Konradmedaljen i gull. Han stussar heller ikkje på å hive seg med i motbakkeløp
som Skåla Opp eller Nibbeløpet i Geiranger.
Fotoet er henta frå
Geiranger. Kvinna på biletet vil dei fleste kjenne att som varaordførar Anne
Karin Watters. Ho sykla, Fridtjof sprang, og begge ser tilfreds ut.
Velledalen IL helsar ein av Sykkylven kommune sine trufaste idrettsvener
til lukke med 50 års dagen! Som presang får Fridtjof gratis deltaking i
Koldabakken Grand Prix fredag 27. mai – ei hittil uprøvd oppleving i eit rikt idrettsliv.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024