Førjulsmesse andre helg i november

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mai 2016

Førjulsmessa i Velledalen
grendahus har vore fast tredje helga i november. Slik var planen også for 2016.

Men så sjekka vi NFF sin
køyreplan for NM-cupen i fotball, som viser at cupfinalen på Ullevål vert spela
tredje sundag i november (20.nov). Alle skjønar at ein slik kollisjon ville
gitt ein dårleg messedag, sjølv om sjansen for eit sunnmørslag i finalen er
minimal (blir i så fall Brattvåg).

Dermed vart utleigesjefen
i Velledalen grendahus kontakta, og Førjulsmessa 2016 er no «booka» inn på 12.og
13. nov., helga før cupfinalen.

PS. Då datoen no er klar,
kan interesserte utstillarar gjerne melde seg til: atlehole@online.no