Utflytte velledalingar sprang BDO-mila
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mai 2016
arkivfoto
Sverre Gunnar Brunstad sin
klubb, Lørenskog FIL, var mellom arrangørane i løpet der 384 menn og 213 kvinner
fullførte. Løypa er som namnet tilseier 10 km lang.
Brunstadekspressen heldt
som vanleg stødig og hag fart. Totalt vart han nummer ni av herrane på tida
36.00. Flott tid av ein 49-åring!
Son slo far.
Trass sjukdom fullførte Oskar Johan Kjellsbøl Hole på fine 43.33, ei tid som
heldt til 104. plass i det gode selskapet. Far til Oskar, for tida småskadde
Roger Malvin, kom inn hakk i hæl (i alle fall nesten) med sonen, til tida
43.54. Det heldt til 116. plass.
Med andre ord; alle våre inne mellom den
beste tredjedelen i løpet- sterkt levert!
PS. For tida florerer det
med løp, sykkelritt og tevlingar av ulikt slag. Vi set pris på at resultat vert
melde inn.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024