Haug av jubilantar i pinsa
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2016
13.05: Vi seier gratulerer med vel overstått 50 års
dag til Renathe Belinda Riksheim Oldeide.
Dame med eit slagkraftig namn som har markert seg som ein ivrig brukar
av trimposten vår i Riksheimdalen, noko vi sjølvsagt set stor pris på.
15.05: John Oskar Brandshaug fyller 85 år.
Har budd i Velledalen og vore VIL-medlem. Minnest han
frå min spede barndom som ein djerv skihoppar i lokalmiljøet.
15.05: Det vert hardnakka hevda at Elling Ivar Hole
fyller 75 år denne dagen.
Han vert av
VIL omtala som «Kongen av Myrdalsfjellet», då han siste åra har forsynt seg
grovt av premiefatet på denne posten – og i Holemarka. Han er elles ein trottig
deltakar i ei rad trimarrangement.
Personleg hugsar eg best den gongen Elling
var knappe 40 år og skulle ta idrettsmerket. 5000 meter springing var eitt av
fem delmål. Eg skulle vere «hare» for han ein sein haustkveld, noko som enda
med at eg nesten tok livet av han. Eg minnest enno med gru at han låg på
asfalten og heiv etter pusten etter målgong. Då var han ca 39 år og dorsk som
ein torsk. No er han 75, og viril som ein ungokse. Elling er eit prima eksempel
på at alder berre er eit tal, og slett inga hindring.
15.05: Astrid Kjellaug Drabløs frå Brabro-garden på
Drabløs fyller 60 år
. Ei klippe innan
song- og musikkrørsla både som songar og dirigent, mellom anna har ho skapt
trivsel i Velledalen gjennom sitt engasjement i Velledalskoret – heilt frå
starten på tidleg 80-tal. Og ho er mor til Jørgen som nyleg gav oss viktig
hjelp i arrangørarbeidet med Konradløpet.
Barndomsminne: 3.eller 4. klasse ved
Velledalen skule. Juleavslutning og skodespel med ein ung Svein Helgheim som
lærar. Eg var Josef, men kven var Maria. Jau, ho Astrid Kjellaug!
17.05: Nancy Iren Eggen fyller 50 år.
Nancy er litt slik som Elling, ho vart sprek på sine «eldre»
dagar. Nancy har eit langt og godt rulleblad innan springing – langdistanse, og
har i fleire år vore ein flott representant for Velledalen IL. Ho spring glatt
21 km i samanhangande motbakke i Geiranger, eller eit halvmaraton/ 10 km på
flat veg. Eller Konradløpet der ho har vore med ni gonger og fire av desse
sprunge på tider under 20 minutt. No har ho trappa litt ned, men ikkje verre
enn at på sprang på 21.33 i år – spenstig av ein 50-åringing!
19.05: Pål Rune Lødemel, utvandrar frå Drotninghaug,
fyller 60 år.
Pål sat i fleire år i
hesteskokastargruppa til Velledalen IL, også som leiar. Dette var i hovudsak på
1980-talet då hesteskokastinga stod sterkt i bygda. Elles har Pål Rune i lang
tid vore ein stødig aktiv i Velledalen IL sin badmintom-trim, og eit medlem som
har teke sine pålagde oppgåver på strak arm utan å mukke.
Barndomsminne: Det gjekk
mykje i klengenamn. Eg kalla Pål for «Løfså», og fekk ikkje meir enn rett og
rimeleg namnet «Brødet» tilbake. Relativt sikker kost begge deler.
Som avslutning får vi seie
som ei ordhage sykkylvsdame sa det:
-Lukke til med framtida, alle saman!
Atle Jomar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024