Russen sak på evalueringsmøte
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2016
«Hei, igjen...så eit lite innspel..
Det er mange som køyrer langt for å delta på Konradløpet, og det er kjekt. Det
er blitt eit populært løp for mange, og eg veit mange gler seg til å delta.
Russen er jo ivrig i å møte opp, ikkje like ivrig å springe langt. Eg sprang
forbi Trygve Furland i russeklede etter ca 1 km...han gjorde det jo bra. Men,
eg syns russen hindrar litt løpere i starten. I år datt fleire russ berre etter
nokre meter, og 2 av russane sprang foran oss og kasta øl bakover på oss som
kom etter. Har det vore noko at russen fekk tildelt ein plass lengre bak? For
dei løpere som vil prøve å løpe på gode tider, då er det kjedlig å bli hindra
på dei første 50-100 metrane. Øl og røyk bør dei vel heller ikkje stille på
startstrek med.»
Mange vil hevde at russen «dreit på draget»
på startstreken under Konradløpet natt til 1.mai i
år. Russen har kvart år laga liv og røre ved start. I år gjekk dei eit par steg
lenger, då nokre av dei mønstra opp i fremste line med ølboksar i hendene og
røyk i munnen. Som vanleg hadde berre eit fåtal startnummer, som betyr at det
store fleirtal ikkje hadde betalt startkontingent. Freidige er dei i alle fall!
Og det gjekk ikkje likare enn at minst to russ gjekk
overende like etter start.
Om dette
skuldast høg promille eller glatt vegbane skal vere uvisst. Eller kanskje var
det ei planlagt handling…… i den hensikt å provosere fram eit massefall….?
Framferda til russen skapte «bølger» alt på
startstreken.
Fleire fortalde dei i
klar tekst kva dei meinte om «nisteval» og generell framferd. Ein
kondisjonspinne før start kunne sikkert nokon kvar trenge, men å stå og blåse
sigarettrøyk opp i ansiktet på ein NM-vinnar i maraton og andre utøvarar, vitnar
i beste fall om mangel på minst to basiselement - folkeskikk og respekt.
Heldigvis, der fanst unntak.
Som hadde betalt sin startkontingent og som fullførte
heile distansen. Og det viktigaste; som oppførte seg normalt. La oss denne
gongen spesielt trekke fram Trygve Furland (beste russ – 17.33) og Anna Indrebø
Halvorsen (beste russejente).
Årets evaluering av
Konradløpet vil gi russen svar.
Mest
truleg vert konklusjonen eit svar som smertar. Eit privilegium gjennom 15 år
såg truleg sitt fall på Brunstad denne vakre vårmorgonen, 1.mai 2016. Ja, for i
kva andre idrettsarrangement enn Konradløpet, kunne ei gruppe på 20-30 russ
plassert seg i fremste line på startstreken utan at tilskiparen tok affære…. 90
prosent av dei utan å ha betalt startkontingent…..? Eit dumt spørsmål der
svaret gir seg sjølv.
Nok ein gong har nokre få øydelagt for mange!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024