Koldabakken Grand Prix 27.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2016
arkivfoto
Alf Petter Bøe i
friidrettsgruppa melder at årets løp opp Koldabakken på Hole vert fredag
27.mai. Med start klokka 19.00.
Løpet har intervallstart
med 30 sekund mellom kvar løpar. Det er påmelding ved garasjen til Nils
Skylstad frå klokka 18.15.
Det vert òg ei
mosjonsklasse utan tidtaking, sidan dette var ein suksess i fjor. Og for dei
som lurer på løypelengda. Arrangøren, Velledalen IL, har aldri målt, men truleg
ein stad mellom 300-400 meter. Det høyrest truskuldig ut – du er hjarteleg
velkomen til å prøve
Det kjem meir om løpet på
nettsida når tida nærmar seg.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024