Hiv deg med : O-løp på Tørla i morgon (10.mai)
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mai 2016
Det skjer mykje på
O-fronten for tida. 10. mai frå klokka 17.30 arrangerer O-gruppa i Emblem IL
treningsløp på øya Tørla i Ålesund. «Råtass-opplegg for dei yngste», og litt
meir krevjande for dei øvrige (treningsløp for vaksne/ungdom)
Leiar i VIL O-gruppe,
Pernille Ibsen Lervåg, seier i ei melding at ein finn meir om O-løpet på Tørla om
ein klikkar seg inn på heimesida til Emblem IL.
-
3-4 familiar frå
Sykkylven reiser utover, kanskje fleire. Barnevennleg opplegg med pølsegrilling
etter løpet, så her er det berre å hive seg med, oppmuntrar Pernille.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024