HK: Nummer 45 av 1152 fullførande lag i kl. A1

    Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2016

    Utviklinga i
    Holmenkollstafetten er fin. Ingen tvil om det, etter eit comback i 2014 –etter eit
    opphald på utrulege 30 år.
      Her er dei
    harde fakta:

    2014:
      Nr.
    235 i klasse A 1 på tida 1.11.52 – premiekrav: 1.13.00

    2015:
      Nr. 79
    av 1695 lag i klasse A 1 på tida 1.07.40 – premiekrav: 1.13.00

    2016:
      Nr. 45
    av 1152 lag i klasse A 1 på tida 1.06.44 – premiekrav: 1.12.00

    Klasse A 1 er miksa lag med menn og kvinner, med
    fleirtal av menn.
      På Velledalen IL
    sitt lag var fordelinga 12-3. Nær sagt som vanleg vart det litt forviklingar
    siste veka. Nils Terje Skylstad og Njål Torillson Tyssing drog begge på seg
    skadar, men heldigvis ordna alt seg. Men sistemann, Øistein Olsen, mønstra på
    på særs kort varsel – kvalitetsløpar ordna av Oslo-avdelinga i VIL.

    Friidrettsleiaren var ikkje i hovudstaden denne gongen
     . Han hadde det vi kallar «gyldig forfall», med
    konfirmasjon og kyrkjeframmøte mindre enn 20 timar etter laget sin målgang. Og
    det vart ein god laurdag for Alf Petter. Rindal IL, klubben han representerer
    som aktiv, berga plassen i eliten, og Velledalen IL imponerte, denne gongen
    utan friidrettsleiaren i rekkjene.


     -  Eg er imponert
    over innsatsen og takkar alle, seier Alf Petter til VIL-Nett.


     -  Ei særleg takk til
    debutantane Ole-Peder Kristian Holmberg, Espen Strøm Grebstad, Per Inge
    Bjørnestad og Øistein Olsen. Håper opplevinga gav meirsmak. Vi kan vere stolte
    av laget vårt. Den yngste er enno ikkje konfirmert, den eldste har passert 60
    !!


     -  SUPERT JOBBA,
    STOR TAKK TIL ALLE, skriv Alf Petter til VIL-Nett, mellom førebuingane til
    høgtidsdagen på Tindetun i morgon.