-Truleg jury i neste Konradløp

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2016

-  Det har ikkje
kome inn skriftlege klager eller protestar, men vi har fått munnlege der det
vert meldt om «ureglementert» springing. Noko eg sjølv òg vart vitne til frå
min posisjon i målområdet, seier friidrettsleiar i Velledalen IL, Alf Petter
Bøe, til VIL-Nett.


 -  Kva gjer
arrangøren med det?


 -  Vi bør nok heretter
velje ein jury før kvart løp, slik at det ikkje er tvil kven som skal ta seg av
protestar om dei kjem.


 -  Trur du «ureglementert»
springing vil bli eit problem i framtida?


 -  Absolutt ikkje.
Det har ikkje vore det før, og blir det neppe i framtida heller. Men vi må ha forståing
for at det kan gå ein smule varmt i ein innspurt der det vert kjempa om heider
og ære.


 -  Dette er med andre
ord eit ikkje-eksisterande problem i bakre del av feltet?


 -  Eg blir storleg
forbausa om det kjem protestar derifrå, seier Alf Petter, som sjølv måtte stå
over årets løp på grunn av skade.