NM-vinnar i maraton til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2016
Flyktningar har markert
seg i Konradløpet tidlegare. I 2013 sat Ebrahim Abdulaziz frå Eritrea i mottak
på Tingvoll. Karl Egil Brunstad køyrde han til Konradløpet i Velledalen.
Ebrahim vann og sette ny løyperekord på tida 14.11.
I 2015 vart same Ebrahim
NM-vinnar i maraton. Han bur no i Trondheim og spring for Strindheim – Petter Northug
jr. sin klubb. Komande helg har Karl Egil Brunstad «lokka» han til Velledalen
nok ein gong. Som betyr at løyperekorden er i alvorleg fare.
Men Karl Egil har ikkje
berre med seg Ebrahim. Han kjem òg med brødrene Mehyar og Ibraheam Zarzar, frå
Damaskus i Syria. Kva desse to er gode for veit vi lite om, men dei er i same
situasjon som Ebrahim var for tre år sidan.
Det stoppar ikkje her.
Også Sharon Svendgård har meldt seg på. Ho kjem av opphav frå Jamaica, er
veltrena og har godt under fire timar som personleg rekord på heil maraton.
Sharon bur no på Ellingsøya.
Utlendingane strøymer med
andre ord til årets Konradløp. Ti nasjonar hittil. Polen er klart beste nasjon
utanom vårt eige kongerike. Siste tilskot på deira liste er Mateusz Wojciech
Oskiewicz, prestasjonsmessig ein kar vi veit lite om. Men farta er ikkje det
viktigaste i Konradløpet. Det store fleirtalet er relativt saktegåande også i
den 15. utgåva.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024