Veltrimma kantorar i Sykkylven

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2016

Dei fleste tenkjer sikkert på kyrkjeorganistar som ikkje
spesielt spreke. Folk som sit på rompa si time etter time og øver. Men slik er
det ikkje i Sykkylven. I alle fall ikkje om vi brukar Konradløpet som
målestokk. Høyr berre her:

Vidar Hovden vert nytta som vikarorganist. Han er påmeld
til sitt fjerde Konradløp, og statistikken seier at han tidlegare har notert
18.21 som bestetid i rundløypa. I fjor debuterte Rose Iren Stave,
kyrkjeorganist av beste merke, på den fine tida 24.53. Ho har alt kome på
deltakarlista for 2016. Og forsyne meg; der finn vi òg debutanten, Trine
Ramnefjell, i same bransje som dei to tidlegare nemnde.

Med andre ord: Kyrkjeorganistane stiller mannsterke i ei
travel tid, der det er kort mellom oppdraga. Kjekt at dei ser det viktige i å
pleie den fysiske forma, og at dei kastar glans over Konradløpet i samla tropp.

Faktisk er det
vel fortent, når vi som arrangør bøyer hovuda våre i respekt for yrkesgruppa kyrkjeorganistane
– Sykkylven sine «lette på foten» kyrkjeorganistar.