Konradløpet treng hjelpande hender.
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2016
Det skal mange
funksjonærar til for å få eit såpass stort arrangement i hamn. 30. april er det
venta mellom 150-200 born/ungdomar i aksjon under MiniKonrad. Sidan det i år
fell på ein laurdag, går fyrste start klokka 17.00
Nøyaktig tolv timar
seinare smell startskotet i Konradløpet. Truleg med dobbelt så stor deltaking.
Kva treng vi: Jau,
hjelpande hender på mange ulike felt. Kjøkkenteneste (spesielt under
MiniKonrad), vil nokon hjelpe oss med ei skuffekake eller andre kaker set vi
pris på det, det kan vere tidtaking, parkeringsvakter, løypevakter, utsetting
av bord og stolar, rydding av grendahuset etter løpet, premiar eller kanskje
ein «spesialitet» til frukosten.
I dag kom det ein kjekk
e-post frå Ålesund med fylgjande ordlyd:
- Hei, oss vil også i år gje tre gåvekort pålydande «middag
for to» på våre populære
balltorsdagar!
Beste helsing Konrads!
HEILT
UOPPFORDRA KOM DEN– SLIKT GJER OSS GLADE!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024