Nær 200 på familie O-løp i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2016
Den nyvalde O-gruppa har
all grunn å vere tilfredse. Nyleg reiste 50 sykkylvingar på kurs til Emblem IL
si O-gruppe, som mest er å rekne som «Sunnmøre sitt Mekka» innan orientering.
Nøyaktig kor mange som deltok på Dalemyra
veit ingen, då berre borna vart registrerte. Talet der var 78, i alderen 13 år og yngre. Medrekna foreldre
og besteforeldre kan Pernille sin arrangørgjeng trygt seie at 150-200 deltok
under O-gruppa sin sesongstart.
I den grad det kan seiast
at nokon velledaling styrer vêret, så må det vere Per-Gunnar Holmberg. Han
hadde gjort ein framifrå jobb. Dei yngste deltakarane var gjennom ei «Småtrolløype»,
medan det var laga ei litt meir krevjande for større born, foreldre og
besteforeldre
- På ein av postane
var der til og med sjokolade, kunne ein smårolling fortelje med stor innleving.
Elles var sjølvsagt løpet
god arrangements-trening for ein fersk stab, der det nyinnkjøpte
Emit-tidtakarsystemet var i bruk. Utanom ei enkel premiering for dei yngste,
vart det trekt fem premiar mellom alle under 13 år. Etter løpet var det «restitusjon»
med gratis frukt og saft. Og ville ein ha kake, vaffel, pølse med brød eller
kaffi, ja, så kunne det kjøpast til ein overkomeleg pris.
Vi finn det òg rett å nemne at somme
avslutta ein aktiv familiedag i Velledalen med eit vår-laug i symjebassenget.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024