Eivind Fet 28 hundredelar frå NM-tittel

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2016

Arkivfoto frå Alperittet
Dei to sykkylvingane
deltok i disiplinane super-G, storslalåm og slalåm. Klassene er delte etter
alder. Eivind i klasse H med kring 20 konkurrentar i kvart renn, medan langt
yngre Petter André i klasse E, hadde langt færre å bryne seg mot.

Det starta med super-G.
Her kom Eivind inn på fine 1.09.69, som heldt til tredjeplass. Men han var
berre 28 små hundredelar bak vinnaren Jon Smevik (1.09.41). Petter noterte
1.13.83 i klasse E – også han på 3. plass.

I dei to neste renna måtte
Eivind nøye seg med 4.plass både i storslalåm og slalåm. Men han var mindre ein
sekundet unna pallplass i begge. I storslalåm var han nummer to etter fyrste omgang,
men var ikkje like heldig i den andre.

RESULTAT OG TIDER:

SUPER-G:

Eivind Fet nr 3 i klasse H
på 1.09.69

Petter A. Aursnes nr 3 i
kl. E på 1.13.83

STORSLALÅM:

Eivind Fet nr. 4 i klasse
H på 1.53.74

Petter A. Aursnes nr 4 i
kl. E på 2.00.84

SLALÅM:

Eivind Fet nr 4 i klasse H
på 1.14.57

Petter A-Aursnes nr 3 i
kl. E på 1.19.55

Konklusjon:

Sjølv om han måtte nøye seg med ein bronsemedalje denne gongen, er Eivind Fet i
landstoppen i si aldersklasse. Du tek dei i 2017, Eivind!!