Stor glede i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2016
Vi har før meldt at
Velledalen IL hadde eiga orienteringsgruppe på siste halvdel av 1970-talet. Men
aktiviteten kan ikkje måle seg med det som har vore siste halvåret, då det både
har blitt arrangert løp og kurs med fantastisk flott oppslutning.
Når så primus motor for
denne «vekkinga», Pernille Lervåg, har gitt melding om at ho sjølv vil
representere Velledalen IL i løp denne sesongen (mellom anna i Fjord-O), er det
ikkje å undrast over at slikt skaper glede i klubben sine rekkjer.
Men det stoppar ikkje her.
Via godt arbeid frå vår sterke Oslo-avdeling, har vi fått melding om at Njål
Torillson Tyssing kan tenkje seg bli medlem og representere VIL denne sesongen.
Njål var ein av dei desiderte krumtappane på laget vårt i Holmenkollstafetten i
fjor, og han vart nummer tre i Konradløpet totalt i 2015. Dei som hugsar nokre
år tilbake vil hugse han som ein ung, energisk og dyktig fotball-spelar. Og
endå før det, ein habil skiløpar.
Det er med andre ord ein
særs allsidig idrettsmann vi her ynskjer velkomen. Faktisk kan Velledalen IL ha
fire «15-løparar» (løparar som spring på 15-talet) i sine rekkjer i årets
Konradløp (Berli, Tyssing, Bjørnestad og Wigdahl). Nesten så vi burde setje opp
premie til beste tremannslag.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024