Fantastisk start for o-gruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2016
Sjølv rutinerte folk i
O-miljøet på Emblem må bli ein smule imponerte over den nye O-gruppa i Velledalen
IL. I alle fall kan gruppeleiar, Pernille Lervåg, melde om at langt fleire enn
venta vil til Emblem for å kurse seg tysdag 5. april. I skrivande stund har ho
18 vaksne og 18 born på lista si, og nye kjem til heile tida. I ei melding til
VIL-Nett seier ho:
- Størstedelen av
deltakarane kjem frå Velledalen og Straumgjerde. Men det kjem òg deltaking frå
Ikornnes, Aure og folk frå Ålesund med band til Sykkylven. Dei påmelde borna er
i alderen 5-12 år. Dei eldste godt opp i 60++
Pernille fortel vidare at
kurset startar 17.00, slik at det vert naturleg å ta 16.30 ferga. Frammøtestad
er ved skuleområdet/stadion, på oppsida (høgre hand) av fylkesvegen når ein
køyrer utover.
Truleg kan etternølarar
framleis få plass ved kurset. Dei må i så fall ta kontakt med ei av damene (Pernille,
Janne, Monica eller Anne Grete) i O-gruppa.
Den store interessa lovar
særdeles godt før opningsløpet på lokal grunn. Det går av stabelen på Dalemyra
sundag 17. april (to veker), med Familieorientering på programmet. Der vert det
påmelding ved frammøte, og ei god sosial ramme med utspring frå basen i
kjellarsalen i Velledalen grendahus.
Vi kjem sjølvsagt tilbake med meir info
nærare løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024