Fin alder, ditta!

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Apr 2016

Det var i fjor ho sa det.
   Sissel Beate Brunstad, ei knakande kjekk
velledalstaus, som eg har gått i klasse med. Faktisk i heile ti år. Eg hadde
nettopp vorte 59 år. Ho gratulerte meg med overstått med orda:

   Fin alder, ditta!

   Og Sissel visste kva ho
snakka om. Ho var av same årgang (1956-modell) og ikkje fælt mange dagane
eldre.

   

   60 år – er det nokon grunn til å fortvile…?
    Nei, eigentleg ikkje. Eg minnest min næraste nabo, ho
Inga Hole (Jørn-Inga). Ho hadde nettopp passert 85 år, og denne gongen var det
eg som gratulerte med overstått. Orda ho svara sit som spikra:

   Veit du Atle, eg
føler meg ikkje det slag gamal!

   Jørn-Inga var forresten beste
kakebakaren på Hole i min barndom. Gebursdagsselskapa i Jørngarden var for
høgtid å rekne.

   

   Barndomen i Velledalen på 60-talet var rik.
    Ein måtte tidleg lære seg plikter gjennom arbeid, men
all fritida vart effektivt nytta til leik og moro. Her er nokre stikkord:
Lappis, klinkekuler, strikkhopping (jenter), høyhopping, lyrespel (jenter), sykling
(utan hjelm), fisking, fotball, samla fugleegg, eple-og plommeslang,
leikarhyttebygging, kortspel, springing i faste løyper, skiaktivitetar (i
eigenproduserte bakkar og løyper) og eit utal leikar utandørs (gjerne i
skyminga).

   Ei utruleg tid. Alle
ungane som voks opp i Velledalen på 50- og 60-talet hadde mest same bakgrunn,
plar systra mi, Bente, trekke fram.

   Men eitt minnest eg frå barndommen:
    Folk over 50 år vart rekna som gamle, og dei sprang
ALDRI. Berre om eit krøter av noko slag hadde kome ut av kontroll, kunne ein
sjå vaksne i slik alder ta laust.

   

   Difor er det stort i dag å kunne sitje i Olagarden på
Hole
    og stikke passaren i sin eigen
navle og stille den inn på 500 meter. Innanfor den sirkelen med radius på 500
meter ser eg fylgjande «sportslege» fenomen:

   Nærast har eg han
Nils Terje Skylstad. Neste år blir han 60 år, og er i fin posisjon til å slå
Olaf Øien sin rekord for 60-åringar i Konradløpet (17.06). Hadde Nils Terje
vore 60 år i 1970 og sprunge som han gjer i dag, hadde han blitt rekna som
galen.

   Vidare går eg ned
i Knutgarden der vi finn ei dame som debuterte på heilmaraton i Roma i ein
alder på kring 53 år, og som er klar for maraton nummer to på Island dette
året. Kvinnfolk som Torild eksisterte heller ikkje i Velledalen i 1970.

   Nede på Holen, og
godt innanfor sirkelen, finn vi han Elling Hole, «Kongen av Myrdalsfjellet». Eg
var hare for Elling på 5000 meter då han skulle ta idrettsmerket i 1980. Vurdert
etter alder er han langt sprekare som 75-åring enn han var i slutten av 30-åra.

   Eit slapt
steinkast unna Elling, finn vi Kjellaug Ulset. «All-round-mosjonist» som 1.mai
vert heidra for 15 Konradløp av 15 mulege i ein alder av 85+. Fanst ikkje i
1970.

   I ein kjellar på
Brøvoll ligg ei dame i hardtrening også innafor sirkelen. Ho skyt på blink med
Paralympics i Rio som sitt store mål. Pågangsmotet, viljen og resultata kan
ikkje anna enn beundrast. Slike som Kristbjørg Dale Bolstad fanst ikkje i 1970.

   Også godt innafor
sirkelen og på Brøvoll har vi den syklande sauebonden Per Steinar Linga. Vi var
mange som sykla på musikkøving og fotballtrening i 1970, men
konkurranse-syklistar kring 40 år eksisterte definitivt ikkje.

   Innanfor sirkelen
ligg også Paul og Magnhild Hole. Begge to i same kategori som Kjellaug Ulset
når det gjeld Konradløpet. I tillegg har Paul teke idrettsmerkekrava i 52 ulike
kalenderår. Slike hadde vi ikkje i 1970.

   Kanskje snik
Kjell Magnar Berli seg inn i sirkelen. Han er i dag den sprekaste mannspersonen
i Velledalen uansett alder. Personar med hans sjukdomshistorikk vert vanlegvis
ikkje idrettsmenn, korkje i 1970 eller 2016.

   

   -Til lukke med framtida,
    håper du har fått hugnadsame helsingar frå nær og
fjærn, var nokre av orda i ei av helsingane. Og det gjorde eg i rikt mon. Det
var mest så ein skulle hatt sekretær. Men der fanst òg meldingar som gav meg
kalde føter:

   
     -
     Velkomen til Oslo Maraton, stod der på
skjermen då eg opna ei av meldingane sendt på e-post.

   
     - Kva i honen er dette for noko……., og
tankane gjekk tilbake til 40 års dagen då eg fekk start i Birkebeinerrennet, og
ti år seinare Vasaloppet. Var det verkeleg nokon som ville at knea mine skulle
springe maraton….42 195 meter?

   
    
    

   Heldigvis var det ikkje så
ille. Det viste seg at eg var blitt påmeld til «10 for Grete» i Oslo same helga
som Oslo Maraton (og halvmaraton). Så i september skal eg altså springe 10
kilometer for å ære Grete Waitz sitt minne i Oslo. Det gjer eg gjerne. Får
prøve halde Knut-tausene sitt tidsskjema, dei har nemleg gjort det same før
meg.

   

   Elles vil eg trekke fram gåva eg fekk frå Ådne Alf
Brunstad
    – 40 utøvarar til Minikonrad
av årgang 2002, 2003 og 2004. Den var orginal og gledde stort. Kreativ sjel, du
Ådne!!

   

   La vi konkludere med at: Fortida
vår, er minneboka om det vi har levd og aldri kan gjere opp att, sjølv kor
gjerne vi måtte ynskje det. Framtida derimot, den er vår og ligg opa uansett
kor aldrande vi måtte bli.
    

   Difor vert mi helsing i
dag, til alle som auste meg ned med helsingar, gåver og det skrivne ord (Roger
Malvin):

   TAKK, TAKK, TAKK OG TIL LUKKE MED FRAMTIDA!!

   

   Atle Jomar

   60 år – anten han vil
eller ikkje