Særdeles gledeleg i skogsvegen Drabløs
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mar 2016
Trimposten i skogsvegen
Drabløs er inne i ein fantastisk fin stim. Mange fleire enn før går dit, og
posten har hatt stigning kvart år siste tre åra. I 2015 vart posten nummer ti
(av 14), men berre ei fattig notering unna 9.plassen. Velledalen IL sin meldar
på posten 2. påskedag spår «All time high» for posten i 2016.
Men samstundes er same
meldaren bekymra. Ikkje over trimposten, men over mannfolka. Over fråveret
deira! I fjor haust viste det seg at heile topp-5 lista var kvinner. Mannfolka
var så svake at VIL si nettside fann det rett å spørje: «Famlar mannfolka i
blinde…..?»
Spørsmålet gjeld i høgste
grad enno. Du vil forstå det etter å ha studert topp-8, men for at alle menn
skal skjøne at her er det ikkje berre alvor, men prekært; beste MANN 2.påskedag
var Bernt Are Lervåg med to turar. All ære til Bernt Are, men mannfolk
generelt: Skjerp dykk!!
Her er topp-8 skogsvegen
Drabløs 2.påskedag:
61 turar: Annlaug Lervåg
27 turar: Astrid Drabløs
22 turar: Liv Skogvold
21 turar: Lilly Nilsen
15 turar: Grethe Fet
14 turar: Pernille Lervåg
12 turar: Marit Hole
11 turar: Karin Ramstad
Urke
Siste tre år skogsvegen
Drabløs:
2013: 315 noteringar
2014: 353 noteringar
2015: 432 noteringar
2016: «All time high?»
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024