Åtte sprang PåskeKonrad påskemorgon
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2016
Det vart notert mange gode
tider i testløpet med start og mål frå Jokerbutikken i Velledalen. Alders-messig
var Kristoffer Brunstad (son av Brunstadekspressen) den yngste, medan Bjørn
Arve Brune og Roger Hole på drygt 50 år dei eldste modne.
Oskar Johan K. Hole slo an
tonen med ei feiande frisk opning. Han vart etter kvart henta inn av Anders
Wigdahl, som seinare drog frå, og noterte sterke 16.41 i mål. Det er verdt å
merke seg at ingen av deltakarane hadde bustadadresse Sykkylven.
Her er resultata:
16.41: Anders Wigdahl - Oslo
17.37: Oskar Johan K. Hole
(son av Roger/Jorid)
18.15; Roger Malvin Hole
19.02: Bjørn Arve Brune - Stranda
22.32: Mathilde K. Hole –(dotter
av Roger/Jorid)
22.48: Christina L
Holmberg – Slovakia-student
26.23: Kristoffer Brunstad
(yngste deltakar)
26.40: Sverre Gunnar
Brunstad (løypesopar)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024