Christina klar for nye stunt
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2016
Christina Linnea Holmberg
er – og har alltid vore – ei jenta utan frykt for krevjande utfordringar. Det
byrja ein haustdag med at ho ville bli fyrste kvinne som tok alle trimpostane
til Velledalen IL i løpet av eitt døgn. Ho greidde alle postane, men måtte ta i
bruk litt av døgn nummer to etter ei skikkeleg kraftprøve. Ei prøve einast
Kenneth Fet har gjort før henne, og Kjell Magnar Berli etter.
Seinare har Christina i lag med Emma sykla Noreg på
langs
og gått Finnmarksvidda på tvers
(på ski). Ho har òg «pressa» Hans-Olof med på alle hyttene til den lokale
turist-foreininga rundt om i fjellheimen. Sommaren 2015 stod ho tidleg ein
julimorgon på ein startstrek i Hornindal, saman med sin nære slektning Frida
Cecilie Hjelle. Akkurat då visste dei ikkje kva dei gjekk til. Men fullførte
gjorde dei, det som ber namnet «Hornindal Rundt, kort løype». Men heilt kort er
det likevel ikkje. 38 kilometer, fjell opp og fjell ned – mange høgdemeter.
Slutt-tid: 9.10.25 (ni timar,
ti minutt og 25 sekund) for Christina, 9.10.28 for Frida.
Akkurat no er Christina heime i Velledalen på
påskeferie.
Og det siste på
nyhendehimmelen er at ho er sugen på «Hornindal Rundt, lang løype» til
sommaren. Då snakkar vi om 75kilometer og rundt 6000 høgdemeter. Ei kraftprøve
berre Kjell Magnar Berli har gjort før henne av VIL-medlemar. Og rykta seier at
fleire med Holmberg som etternamn vil ta halve distansen (målgang ved Horndøla
Bru) i juli 2016.
Skjærtorsdag pleia Christina eiga form
langs Fetvatnet i gruppa Team Bøe. Då nytta vi høvet
til å høyre om alt var i rute til SlovakiaKonrad 1. mai:
Eg trur det blir.
I fjor var vi to jenter som deltok med målgang i nydeleg soloppgang, og frukost
etter løpet. Ho som deltok i fjor har slutta, men eg har snakka med 3-4 andre…..
som kanskje stiller.
Så løp blir det?
Det blir det.
Målet mitt er å auke fjorårsdeltakinga og aller helst doble den. Greier eg 3-4
deltakarar er eg nøgd. Slik det ser ut no kan vi neppe matche OsloKonrad sine
sju deltakarar frå 2015.
Alt vi kan gjere er å
ynskje friskusen lukke til – anten det dreier seg om SlovakiaKonrad eller eit komande
sommarslit frå topp til topp i Hornindal !
Vi fylgjer med deg Christina, og ventar i
spenning på tilbakemeldingar frå Slovakia-Konrad når den tid kjem.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024