Rekordstort Team-Bøe felt
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2016
Skjærtorsdag klokka 10.00
er kanskje tidleg for somme, men slett ikkje alle. I alle høve møtte ein
morgonfrisk gjeng opp ved Fetnausta. I Team Bøe treng ein ingen sportslege
kvalifikasjonar. Einaste kravet til utøvarane er at det ikkje er lov å få
panikk om ein kjenner ei sveittestrime langs ryggen.
Med mange frammøtte
fungerte dagen etter intensjonane. Det danna seg fleire småklikkar, slik at dei
spreke fekk halde høg fart, utøvarar i midtsjiktet middels fart, medan dei
dårlegaste trena utgjorde baktroppen. Alle fullførte i fin stil turen frå
Fetnausta til Slettegjerde idrettsplass. På returen vart fartsbrytaren stramma,
for dei som orka. Og dei aller sprekaste la i tillegg inn litt ekstra etter
returen til Fet.
Desse deltok:
Emma Holmberg
Ole Peder
Holmberg
Ellen Marie Hole
Christina
Holmberg
Anders Wigdahl
Pernille Lervåg
Håkon Fedt
Alf Petter Bøe
Oddbjørn Brunstad
Per-Gunnar
Holmberg
Atle Hole
Vi minner om Påskekonrad
27.mars klokka 10.00 med start frå Joker-butikken.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024