Ekstraordinært årsmøte i VIL 30.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2016
30. mars klokka 20.30 held
Velledalen IL ekstraordinært årsmøte i Velledalen grendahus. To saker skal opp
til handsaming:
1
) Ny lovnorm for lag tilslutta NIF
2
) Val av O-gruppe
Alle lag tilslutta Norges
Idrettsforbund (NIF), er pålagde å vedta ny lovnorm for idrettslag innan 31.
mars i år. Av endringar kan vi nemne årsmøteavviklinga. I fylgje den nye norma
SKAL alle halde årsmøte innan utgangen av mars månad. Andre endringar kan vere
av meir «kosmetisk» karakter.
Som sikkert dei fleste
veit har Pernille Lervåg starta ein positiv prosess for orienteringssporten med
Velledalen som base. Planen i utgangspunktet var at det ikkje skulle veljast
O-gruppe for 2016.
Men då ho søkte Norges
Orienteringsforbund (NOF) om pengestøtte i samband med innkjøp som er gjort,
kom det tilbakemelding om at berre lag tilslutta NOF kunne få. Dermed vart det
endring i planane, og sidan vi MÅTTE ha ekstraordinært årsmøte i samband med NY
LOVNORM, var det naturleg å føye saka «Val av O-gruppe» til.
Pernille har namna i
gruppa klar, men vi held på spenninga fram til ekstraordinært årsmøte den
30.mars.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024