Brunstadekspressen i påskeform
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2016
arkivfoto
Neste år fyller Sverre
Gunnar Brunstad 50 år. Likevel spring han raskare enn nokon gong før på lange
distansar. Sist helg sesongdebuterte han i Drunen i Nederland. Det enda med andreplass
i klassa på tida 1.16.04 – ny personleg bestetid på halvmaraton. Avstanden fram
til klassevinnaren var 15 sekund. Om løpet og komande oppgåver skriv Sverre
Gunnar:
Eit nydeleg løp
gjennom nasjonalparken under gode forhold. No ventar påske på Sunnmøre og
fleire kilometer. Neste løp er maraton i Polen 22. april. God Påske til alle i
Velledalen IL !
Link til resultatlista her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024