Trippel VIL i bygdameisterskapen – Kjell Magnar best

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2016

Renn nummer tre i
Fjellsæter Cup talde som bygdameisterskap i langrenn 2016. Rennet gjekk i
fristil, men stakesterke Kjell Magnar Berli vann med bruk av den klassiske
stilen. På dei neste plassane kom Svein Arne Nakken og Håkon Fedt. Håkon var
fem sekund føre strandaren Geir Verpeide. Sjå alle resultata på frontsida, frå
eit renn som samla godt over 40 deltakarar.

Komande helg vil VIL-Nett
melde resultat frå Vasaloppet i Sverige, der i alle høve fylgjande
sunnmørs-kvartett stiller:


 ·
  

 Knut Anders
Hatlen, Stranda IL


 ·
  

 Dan Børge Saure,
Bjørke IL


 ·
  

 Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL


 ·
  

 Svein Arne
Nakken, Velledalen IL