30 deltok på O-kurs
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2016
Det vart knallsuksess for
Pernille Lervåg sitt O-kurs. 30 deltakarar tok seg ut siste kvelden i februar - fyrst til ei teoretisk økt, før det heile vart meir praktisk retta. Til sist
fekk deltakarane prøvt seg utandørs i ei kort løype med fem postar. Her vart
det nye Emit tidtakarsystemet også testa.
Kurset vart arrangert i
samarbeid med Sykkylven Røde Kors og Velledalen IL. Det kosta ingenting, og det vart servert
gratis kaffi og sjokoladekake. Tyngda av deltakarane var vaksne, men også tre
gutar i tolv års alderen tok del.
Pernille Lervåg vil i tida
framover arbeide for å få laga O-kart i områda Dalemyra i Velledalen og
Slettegjerde i Straumgjerde. På litt sikt er planen å få til ein O-Cup med løp
vår og haust. Deltakarane på kurset i Velledalen, kan om dei vil få meir kjøt
på beinet om dei deltek i eit nybyrjarkurs som vert arrangert på Emblem fyrste
veka i april.
For Velledalen IL sin del
kan det bli aktuelt med innmelding i NOF (Norges Orienteringsforbund). Pernille
har sendt inn søknad om midlar derifrå, men det har kome svar at ein ikkje kan
gjere rekning med midlar utan å vere tilslutta NOF. Saka vert handsama på
fyrstkomande styremøte.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024