Fjellsæterrunden 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2016
Siste sving for Kjell Magnar med ein råsprek 60-åring(Harald Stårheim) på bakskiene
Så er Fjellsæterrunden
2016 historie. Her er deltakartala:
·
Hovudrunden (28
km) – 28 startande
·
Trimklassa – 23 startande
·
Barnas
Fjellsæterrunde (3 km) – 130 startande (Særdeles flott!!)
Største problemet i dagens
renn var å treffe smurninga for dei som gjekk i fristil. Anten for glatt, eller
ising om ei la på i meste laget med feste. Dei som lukkast best i Hovudrunden
gjekk på rubb-ski. I Barnas Fjellsæterrunde kunne ein gå fristil, slik dagens
vinnar, Mathias Myrseth Heimstad, gjorde.
Vi tek med at renn-vinnar
Dan Børge Saure, Bjørke IL, brukte 1.27.29, medan einaste kvinne som fullførte
lengste distansen, Eli Bente Hoggen frå Volda, kom inn på 2.11.06
Slik gjorde sykkylvingane
det:
Herrar 26-30 år:
2. Kjell Magnar Berli,
Velledalen IL, 1.30.47 (beste sykkylving)
Herrar 46-50 år:
1.
Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 1.34.48
2.
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 1.35.11
Herrar 61-65 år:
3.
Jan Egil Årnes, Sykkylven IL, 1.43.39
8. Terje Aurdal, Velledalen IL, 1.55.56
Foto i album i løpet av
kvelden.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024