Vi hyllar Ingunn og Jarle

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Feb 2016

Ingunn Hole Hunnes og
Jarle Bjørkavåg er mellom dei som har full pott, og vil få 15 års premien om
dei kjem seg rundt løypa 1.mai 2016. For Ingunn vil vi tru det vert ein litt
spesiell dag då systera, Kjellaug, er i same situasjon. Applaus, folkens!!

Ingunn er forresten ei
råsprek dame. Skal vi tru statistikken til Lars Inge Sæther – noko det er all
grunn til å gjere - sette Ingunn ny personleg bestenotering i 2014 med tida
24.43. Ei særdeles sterk tid for ei dame langt oppe i 60-åra. Si nest beste tid
gjorde ho i 2011, med tida 24.45. Til samanlikning brukte ho 29.34 i 2004, då
ho var langt yngre. Med andre ord; ei dame heilt og fullt i ånda til Konrad.
Sprekare til eldre ho blir!

Også bak Jarle Bjørkavåg
sitt namn står talet 14 i statistikken. Som betyr at han ikkje har skofta eit
einaste Konradløp. Seks gonger har han hatt med seg broren Ove Johan. Han bur i
Horten. Nok eit prov på at løpet ikkje berre er ei lokal hending.

Så i dag er det på sin
plass med ei helsing til systrene Ingunn og Kjellaug med opphav frå Holen på
Hole, og til brødrene Jarle og Ove Johan Bjørkavåg. Vi bøyer våre hovud i
respekt for innsatsen hittil!!