Glede i friidrettsgruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2016

Espen Strøm Grebstad…… du
smattar kanskje på namnet og spør deg sjølv:


 -  Kven er det?

Her får du svaret. Det er
son til Bjørg Iren Strøm, oppvaksen på Brøvoll i Velledalen. Faren sitt
førenamn er vi ikkje heilt støe på, men han heiter i alle fall Grebstad til
etternamn. Espen er ikkje spesielt gamle karen, nokså nøyaktig midt i tenåra.

Og Espen sitt sportsleg
rulleblad…?

Han gjorde tida 17.46
under Konradløpet 2015, og han vart totalvinnar under det fyrste Tomasløpet i
Straumgjerde same år.

PS. I år tippar vi han tek
familierekorden i Konradløpet. Den har bror hans, Thomas, som i 2009 sprang på
fine 16.41