O-folka testa utstyr
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2016


Det var ein spennande og
historisk kveld på Drabløs i går. Pernille Lervåg viste fram det innkjøpte
utstyret, kompass, kart, Emit tidtakar-system med meir. Utstyr av ein verdi til
kring 30 000 kroner.
Dei frammøtte delte seg i
ei herre- og ei damegruppe. Mannfolka, Håkon Fedt, Lars Inge Sæther og Bernt
Are Lervåg, jobba med tidtakarsystemet, medan Janne Tomtum, Merete Masdal og
Pernille Lervåg budde seg på dei andre oppgåvene som skal presenterast under
kurset 1. mars.
Staden å vere den kvelden
i tidsrommet 20.15-22.00 er altså Velledalen grendahus. Med Pernille i spissen
arrangerer Velledalen IL og Røde Kors i fellesskap kurs i bruk av kart og kompass.
I tillegg vert det introduksjon av orienteringssporten. Vi oppmodar spesielt
ungdom til å møte, sidan dei misser trimkvelden sin denne tysdagen. Litt
sosialt vert det òg, då det ryktast enkel servering av kaffi og kake.
Vi set pris på påmelding
på førehand – til Pernille Lervåg eller Atle Hole.
Hopp i det – her er alle
velkomne!!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024