Gratulerer Stordal !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2016
Som frilansar får ein oppleve litt av kvart.
Sommaren 2014 sende avisa Sunnmøringen (Stranda) meg
til eit møte i Ålesund i Sunnmøre Regionråd. Tema: Kommunereforma. Har hagla
det av ordførarar, varaordførarar og rådmenn frå dei fleste kommunane på
Sunnmøre (Sykkylven var av særs få som ikkje var representert). Jan Tore Sanner
var der ikkje sjølv, men var representert med ein av undersåttane, Jardar
Jensen.
Han kom frå Østfold, og hadde langt rulleblad som lokalpolitikar.
Han gav uttrykk for at kommunereforma måtte då la seg
gjennomføre. Sjølv hadde han vore med på nedlegginga av fire skular. Litt støy
i starten, men det roa seg raskt, sa han mellom anna i sin eigen presentasjon.
Problemet til herr Jensen var at han hadde lite konkret å kome med.
- Kva nye oppgåver
vil dei større kommunane få, ville mange vite. Spørjarane fekk laus synsing
tilbake. Men merk, dette var på eit tidleg stadium.
På dette møtet vart det ALDRI snakka om at kommunar
som ikkje ville, i framtida kunne
risikere tvang ved økonomisk strypetak.
Men det vart snakka mykje om gulrøter.
- Eg kan love det
vil kome slike, men alle forstår at slike ikkje kan givast overalt. Det vil
koste for mykje, uttrykte Jensen klokkeklart.
Då tok ordførar i
Vanylven, Jan Helgøy, ordet:
- Du må vere klar
at her held det ikkje med to, tre gulrøter. Du må i det minste ha ein sekk!
Smil og latter i salen.
Tida gjekk med prat i alle retningar.
Det vart kommuneval, og vi var komne til hausten
2015. Folket viste kva dei ville og kva retning dette bar. Ordet flopp om
kommunereforma verserte mann og mann i mellom. Trauste SP-skeptikarar av
reforma som eksempelvis Stein Aam (Ørsta), Odd Jostein Drotninghaug
(Sykkylven), Jan Ove Tryggestad (Stranda) og Arne Sandnes (Norddal) fekk gehør
og plass i media. Det vart stille frå Sanner – ei tid.
Men så kom mottrekket.
Pengestraumen av statlege kroner til små og
mellomstore kommunar skulle i framtida reduserast. Mottoet var klokkeklart:
- Slå dykk saman. I
framtida vert det dyrt å vere liten!
Sanner og hans likemenn og
kvinner la vidare elsken sin på orda ROBUST og BEREKRAFTIG. Berre dei med desse
eigenskapane – er robuste og berekraftige – har livets rett i framtida, var - og
er framleis - den tydelege bodskapen. Faktisk har vi sansa det no, Sanner,
Solberg, Listhaug, Jensen og Lodve Solholm!
Men så skjer det noko i Stordal.
Vesle Stordal med sine 1000 innbyggarar har slege
tilbake. Vesle Stordal har nærast for
opna scene håna den nemnde politiske kvartetten + fylkesmann. Vesle Stordal har
fått to utøvarar med til junior-VM på ski. Og vesle Stordal har gjort det før
på andre felt enn idrett. Gjennom prestasjonane til mellom andre Petter Løset
Skodjereite (kombinert) og Martine Lorgen Øvrebust (langrenn) er Stordal faktisk
den mest ROBUSTE og BEREKRAFTIGE idrettskommunen i Møre og Romsdal - målt etter
folketal!
Håper du ser det sjølv Sanner – no står du
faktisk i sjakk!
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024