Fyrste Konraden påmeld i Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Feb 2016

Som sikkert dei fleste
veit er det gratis deltaking i Konradløpet for alle med Konrad som føre- eller
mellomnamn. Det plar ikkje utgjere fælt mange kvart år. Vi treng ikkje røpe
Jarle Konrad Fausa sin eksakte alder, men nøyer oss med å skrive at hadde han
delteke i eit vanleg løp, hadde han blitt plassert i klasse 75-79 år. To av dei
påmelde er eitt år. Og truleg er det berre eit tidsspørsmål før den fyrste i
klasse 80+ skriv seg på lista. Alt tyder på at det blir slik vi vil det skal
vere dette året også; unge og gamle hand i hand. Spreke og utrena om ein annan
på startstreken.

Fleire Konradar er
hjarteleg velkome. Både i Minikonrad, som har påmelding ved start, og i
hovudløpet, som har påmelding på nettsida til Velledalen IL, eller til : atlehole@online.no

Eller til 917 43 761

Elles går påmeldinga særs
bra. Allereie med deltaking frå åtte kommunar og tre nasjonar. Polen har som
vanleg teke føringa mellom dei ikkje-norske. Hittil er fire polakkar påmelde.
Følg med på nettsida – det vil jamnleg kome påmeldingsdrypp