Arnas går for rekord i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2016
Per Helge Stølen (t.v) og Arnas Tribusininas
Og det er på høg tid. Det
er ti år sidan Capskas sprang på 21.35. Truleg undrar du korleis vi ganske så
skråsikkert kan kunngjere at rekorden vil ryke….. Her skal du få forklaringa.
Den Arnas vi snakkar om er
Arnas Tribusininas. Ein sprek ungdom som i 2015 mellom anna deltok i
Tomasløpet. Der kom han inn hakk i hæl med Håkon Fedt (22.17). Arnas hadde tida
22.16, så fylgde Per Helge Stølen på 22.36 og Svein Arne Nakken på 22.51
Dette betyr at held Arnas
same form som sommaren 2015, vil han springe Konradløpet ned mot 18.00. Han kan
fort gjort sjå 17-talet óg. I så fall ein saftig rekord. At han er tidelg ute
med påmeldinga er eit godt teikn. Det tyder at guten er løps-sugen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024