Bravo Isak og Jakob!

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2016

Fjellseterrennet i slalåm
vart avvikla sist sundag med Spjelkavik IL som arrangør. Der deltok to unge
gutar med sterke slektskapsband til Velledalen, nærare bestemt Fet.

Isak Fet Vindenes starta i
klasse G 9 år. Han gjennomførte to stødige omgangar. 54.57 i den fyrste og
55.03 i den andre. Vel i mål fekk han gode tilbakemeldingar frå besteforeldra
Grethe og Odd-Kåre Fet.

I klasse G 11-12 år starta
Isak sin bror, Jakob. I denne klassa vert utøvarane rangert på resultatlista.
Jakob kom på fjerde plass i klassa av 14 startande. Ein retteleg fin prestasjon
etter 40.61 i 1. omgang og 41.57 i den andre.

Tremenningen til Isak og
Jakob, Adrian Ulstein Fet, deltok også i klasse G 10 år. Han skal vi vise foto
av ein anna dag.