Ord til ære for Arnold Weiberg-Aurdal
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2016
Arnold Weiberg-Aurdal framme lengst til høgre
Stortingsmann og ordførar
er ikkje av dei vanlegaste titlane i Velledalen, men Arnold Weiberg-Aurdal fekk
oppleve begge. Vi skal ikkje konsentrere oss om denne delen av livet hans her.
Vi nemner likevel at han var sentral rundt 1960 då det var
skule-lokaliseringsstrid i Velledalen. Arnold var mellom dei som heldt på
Dalemyra, ei avgjerd han var stolt av og aldri la skjul på.
Men det er idrettslivet
hans vi skal nemn her. Som mange andre opplevde han at krigen tok frå han fem
idretts-år. Frå han var 14 til 19 år var det stopp i all organisert idrett. Den
tida han budde i Ålesund stifta han kjennskap med idrettsgreiner som ikkje var
utbreidde på landsbygda, eksempelvis boksing. Men Arnold var fyrst og fremst
allsidig. Det skjønar ein når vi ramsar opp at han var innom idrettar som
symjing, turn, fotball og friidrett i tillegg til boksing.
I Velledalen IL var det i
friidrett han markerte seg. Aller mest som stafettløpar. Der var han sterk på
korte- og mellomlange distansar. For å heidre Arnold sitt minne set vi i dag på
«prent» Idrettsminne han skreiv i samband med Velledalen IL sitt 100 års
jubileum. Eit idrettsminne som nettopp handlar om tida hans som stafettløpar - om komplikasjonar og taktisk fullklaff.
Han vil elles bli hugsa
som ein god mann for Velledalen, med positiv deltaking på dei fleste område.
Han var ein dyktig forteljar, særs habil skribent, spelemann og humorist.
Velledalen IL lyser fred
over Arnold Weiberg-Aurdal sitt gode minne!
Les Arnold sitt
Idrettsminne her
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024