Kristbjørg tilbake frå Emiratane

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2016

Dei fleste har fått med
seg at Kristbjørg Dale Bolstad har vore ute i den store verda på skytestemne.
Ikkje kva som helst stemne heller. Men verdscup i dei Sameinte Arabiske
Emiratane, i eit forsøk på å kvalifisere seg for Paralympics i Rio i Brasil til
hausten. I ein e-post til Velledalen Il si nettside fortel Kristbjørg korleis
det gjekk.


 -  Ein kan vel seie
at alt ikkje gjekk som det skulle der borte. På ståande er eg ganske fornøgd,
landslagstrenaren meir fornøgd enn meg faktisk, skriv Kristbjørg.

Det var på liggande
skyting Kristbjørg sjølv venta gjere det best. Men slik skulle det ikkje gå.


 -  Ytre omstende
gjorde at eg ikkje klarte slappe av og konsentrere meg om oppgåva mi, og eg
skaut dårlegare enn på veldig, veldig lenge.

Om den nære framtida som
skyttar skriv Kristbjørg fylgjande:


 -  Men alt håp er
ikkje ute. Eg er framleis aktuell for Paralympics. Ingen av oss tre i min klasse
gjorde det godt denne gongen, og eg som har minst erfaring treng meir tid og
erfaring i store meisterskap før det kan takast ei avgjerd. Etter planen skal eg
til Polen på WC (verdscup) og til eit stort stemne i Hannover i vår.

Kristbjørg fortel vidare
at det største presset er det ho sjølv som legg på seg, og at ho er glad for at
landslagstrenaren ikkje har mist trua på henne.

Fyrst i juni månad fell
avgjerda om kven som får reise til Brasil, så vi ynskjer Kristbjørg ein god
treningsperiode på heimebane og lukke til vidare! Det hadde vore utruleg kjekt og
gledeleg om vi fekk ein superlokal deltakar med til Rio – sjansen er der enno!!